Herøyskulane > Ytre Herøy ungdomsskule


[Logg inn]


YHU Lisjebøvegen 11
6090 Fosnavåg
tlf.70 08 19 20

epost YHU

epost rektor
epost kontor
epost inspektør

SKULERUTE 2008-2009
8. trinnet
9. trinnet
10. trinnet

Foreldresamarbeid

PEDAGOGISK-PLATTFORM
KUNNSKAPSLØFTET

Ytre Herøy ungdomsskule

NB! NY VERSJON - NY ADRESSE!

Frå no av er PedIT på ny adresse: heroy.pedit.no

Den nye adressa er enkel å hugse. Lærarar, elevar og foreldre brukar same brukarnamn og passord som før. Ver vennleg å bokmerke den nye sida, eller den nye direkteadressa til din skule. Dei gamle sidene blir liggande ei tid, MEN MÅ IKKJE lagrast på! Du som er historisk interessert kan derimot finne gamalt innhald og artiklar t.d. i nettavisa "Skuleglimt". God sommarferie! På gjensyn i august på våre nye nettsider!

 
Matematikk-eksamen!

Kva er sannsynet for at 26 tilfeldige born hamnar i same klasse på Ytre Herøy ungdomsskule og ein vakker maidag i 2009 legg for dagen ein seriøs og nesten rørande innsats i opptil 5 timar? Og kor mange meter vil ein nå om ein legg etter kvarandre alt smågodtet som dei har med seg? Vi gratulerer 10C med vel gjennomført eksamensdag!


13/05/09 av Petter Ole, >>>Les mer

Ekte elevengasjement!
Måndag var miljøvernminister Erik Solheim på besøk på Runde. Der traff han både tidlegare og noverande elevar frå Ytre Herøy ungdomsskule som imponerte ministeren med miljøkunnskap og -engasjement.
11/05/09 av Petter Ole, >>>Les mer

Skriveglede
Tjueseks eksamenselevar, heimar, foreldre, søsken, spenning... Fredag 8. mai var årets første eksamensdag i Herøy. Og livets første eksamen etter dei ti første skuleåra for desse elevane. Var det dette som var målet? Den dagen førsteklassingane vart fotograferte ved hageporten eller skuleporten? Var det dette som var målet?
09/05/09 av Petter Ole, >>>Les mer

Kartleggaren ettertest
Denne veka (17) har tiandeklassingane ved Ytre Herøy ungdomsskule fase to av Kartleggaren. Sidan den første har elevane jobba seg gjennom oppgåver som verktøyet foreslo dei trengte å øve på. No kjem altså ettertesten i dei tre skriftlege faga, som vil kunne skildre ei vonlegvis god fagleg utvikling på ein god måte. (Det same gjeld for 8. og 9. årssteg.)
22/04/09 av Petter Ole, >>>Les mer

Snømatte
Fredag 13.februar hadde 10b geometri ute. Elevane vart inndelte i fire grupper som fekk kvar si oppgåve å løyse. Dei skulle mellom anna lage ein trekant med areal 1 kvm, rektangel med omkrins 10m, sirkel med omkins 6,28m og sylinder med volum 3,14 kubikkmeter. Vi merka med vassmaling men ikkje alt syner like godt på bileta! Vi rakk akkurat å verte ferdige før det kom ei skikkelig snøbyge, og ingen falt for fristelsen å dukke nokon lærar...
17/03/09 av Hege, Les mer

LENKJESAMLING


 
 Aktivitetskalendar


 
Skuleavis

13/05/09
Matematikk-eksamen!
11/05/09
Ekte elevengasjement!
09/05/09
Skriveglede
22/04/09
Kartleggaren ettertest
 

Ytre Herøy ungdomsskule