| | Merkehistoria
Musikk- og miljøprosjektet Merkesteinane.
Vi som arbeider med Merkesteinane vart snøgt klar over at medlemane hadde gode musikalske gjevnader. Vi fann det difor tenleg å gjere oss nytte av musikk som eit aktivt verkty til fremjing av ei rad lærings- og undervisningsmål. Resultatet av denne musikalske sannkjenninga vart m.a. skipinga av Merkesteinane i 1992. Frå starten av har Øyvind Lied/ Jostein Bjørndal vore leiarar for gruppa. 
Merkesteinane har spela på/eller saman med (utdrag): - Gitaristen Frode Alnes, i prosjektet Lydlandskap, 2001
- Ilag med Bjørn Eidvåg gjeve ut låten: Du er alltid nær. Jmf Merkestein-CD’n: Grætt nokk!, 2008
- Spela saman med Runar Tafjord i Brass Brothers ved to anledingar
- Har hovudrollene i dokumentarfilmen It's Hard to be a Rockn Roller, Speraza Film, 2006
- Halde premierekonsert under Filmfestivalen i Haugesund, 2006
- Konsert på hovudsena under European Films Festival, Panevezys Lithauen, 2007
- Premierekonsert saman med medlemar av glamrockgruppa WigWam Oslo, 2006.
- Familiekonsert i Ørsta, der Vassendgutane tok del, 2007
- Fleire konsertar saman med Egil Olsen/ Uncle’s Institution
- Konsertar saman med Frank Utgaard (Wood Leg Odd) ved fleire anledingar
- Under opninga av Senterpartiet’s Landsmøte, Ålesund 2009
- Ved opninga av Fylkestinget i Møre og Romsdal ved fleire anledningar
- Ved opninga av Fylkestinget i Sogn og Fjordane 2006
- Konsertar, Dei Nynorske Festpela, Ørsta/Volda ved fleire anledningar
- Dokumentarfilmfestivalen i Volda ved fleire anledningar
- Båtfestivalen i Ålesund i 2008 og 2009
- Festivalen ”Menneske om Menneske”, Oslo 2002
- Solsikkedagane i Vanylven ved fleire anledningar
- Dokumentarfilmfestivalen i Os, 2006
- Madshus skifestival Gjøvik, 2007
- Sunndal kulturfestival, 2007
- Under utdelinga av Livsvernprisen 2008 (prisen tildelt Magreth Ohlin)
- Rust Club og Scene ved fleire anledningar
- Rokken Studenthus ved fleire anledningar
- Saman med lokale grupper, som "Ha ba na haba” i Mathareslummen Nairobi Kenya, 2005
- Konsert - Den Norske skolen, Nairobi Kenya, 2005
- Konsert ved Nakuru Children's Home, Nakuru Kenya, 2005 og 2009
- Utekonsert på Leopard Rock", Nakuru National Park Kenya, 2005
- Konsert under NFU sin kulturfestival i Jølster, 2006
- NFU si regionssamling Bergen, 2006
- NFU’s kulturhelg Molde, 2008 og 2009
- Under konferansen: Kunstfag på livet laust, Høgskulen i Volda, 2009
- Kyrkjedagane i Herøy – årleg gjennom 10 år
- Festivalband på arrangementet Monsiaden, Vanylven – årleg gjennom 13 år (idrettssamling retta mot funksjonshindra)
- Gjeve ut DVD-n: Den Finaste Dama mellom Dalsfjorden og Stryn, 2007 (sjå videoen på YouTube!)
For utfyllande konsertinformasjon sjå her . Prisar som er tildelte til Merkesteinane/leiarar/It’s Hard to be a Rock’n Roller: Publikumsprisen, Filmfestivalen i Haugesund, 2006 Ørsta kommune sin kulturpris, 2006 Inspirasjonsprisen, 2006 Møre og Romsdal sin Likestillingspris, 2006 Grete Bele/Norske Sanitetskvinners hederspris, 2007
Deltaking i sentrale TV-program:
CD-utgjevingar: Merkevare, 2004 Grætt nokk!, 2006
Videoproduksjon:
Kurs som er utvikla: 3-dagar kurs med innlagt workshop: ”Musikk som verkty – ikkje som mål” 1-dags kurs utan workshop (kortversjon): ”Musikk som verkty – ikkje som mål” ”Adapted music and CBR – a deliberate tool of integration”. 1. til 3-dagars kurs i tilpassa musikk og Community Based Rehabilitation (CBR).
Oppdragsgjevar for kursverksemnd har m.a. vore: Norsk forbund for utviklingshemmede (NFU) Høgskulen i Volda ved fleire høve Statens utdanningsråd Mathare Youth Sports Association, Kenya Panevezys Children’s Center, Litauen Landforbundet for Utviklingshemmede og Pårørende (LUPE)
Artikkel prenta i Aftenposten, Sunnmørsposten og fagbladet ”Under Lupen”:
Ei rekkje musikkarrangement spesielt tilrettelagt for funksjonshindra: Korleis ta opp og gje ut eigen musikk (How to record and publish your own music):
Utvalde originalkomposisjonar og tekstar av Øyvind Lied og Jostein Bjørndal:
Koffor det då? Takk gode sol Reirlaus fugl Det va verdt det (Den finaste Dama mellom Dalsfjorden og Stryn) Vei’kje ka du meine Grætt nokk! Du er alltid nær Merkesteinsongen (Øvind Lied) Rastlaus (Thor Heine Rosdahl/Øyvind Lied
Utvalde omsetjingar ved Øyvind Lied og Jostein Bjørndal: En trykks samba (One Note Samba) Jenta frå Havana (Flickan frå Havana) Jambo Malaika (trad. kenyansk – omsett frå Kiswahili) Gapen på Haugen (The Fool on the Hill) Hamna 20 (Penny Lane) Dagdraum (What a day for a daydream) Brevet (The Letter) Bestevennen (I feel it in my finger…) Tenk om (Imagine) Himmeltårer (Tears in Heaven) Medley: Frå Ivar Aasen til Creedence
Prosjektdeltaking - internasjonalisering
Partnar i Fredskorpset sitt Nord-Sør prosjekt: Playback, Nairobi Sentrale samarbeidspartar:
Venskap Nord-Sør prosjektet: Volda/Nakuru Sentrale samarbeidspartar: Foreninga ”Vennskap Nord Sør” Volda kommune Nakuru Courty Council Hill Special School, Nakuru Nakuru Children’s Home, Nakuru Høgskulen i Volda

Åra med Merkesteinane har overtydd oss om at alle kan utøve musikk dersom musikken vert tilpassa føresetnadane til utøvarane. Gjennom dette musikk- og miljøprosjektet har ein lagt stor vinn på å arbeide tverrfagleg der medlemane har vore involverte i ei rad ulike aktivitetar. Ved å systematisere songar innan forskjellige fagområdar, livsfasar - og sjangrar som t.d. glede, sorg, krig, fred, samspel, religion/tru, samfunnsfag og geografi, har ein dekt ei rekkje undervising/opplæringsmål gjennom medveten bruk av musikk.

Musikk som verktøy - ikkje som mål Som arbeidsverkty gjer Merkesteinane seg ofte nytte av MIDI/data/keyboard-teknologi. Leiarane av gruppa har ved fleire høve vorte nytta som kurshaldarar innan desse fagfelta, m.a. for Høgskulen i Volda og Statens Utdanningsråd, der det utvida musikkomgrepet og bruken av nemnde verkty har stått sentralt i ein sosial-/spesialpedagogisk forståing. I det høvet syner Merkesteinane til kurspakken ”Det utvida læringsomgrepet. Bruk av musikk som sosial-/spesialpedagogisk verkty”. Eit kurstilbod som leiarane har utvikla og held for interesserte.
... 
Frå 30-års jubileet til NFU Ørsta Volda lokallag hausten 2002. Så tok det av: Merkesteinane vart eigen organisasjon, dokumentarfilmen og Afrikaarbeidet kom igang. Sponsorstøtte og prisar vart tildelt gruppa. Alt dette finn du meir om i arkivet på denne sida.
|
 |
 |
| Navn | Fil | Omtale | Frå klipparkivet 2006 | 29august2006-svaert_flott_film_om_Merkesteinane.jpg | Filmen. Frå klipparkivet. | 2005 | 10februar2005-Merkesteinar_til_Afrika.jpg | Afrikatur. Frå klipparkivet. | 21. sept 2004 | 21september2004-flott_kyrkjedag_for_utviklingshemma.jpg | Kyrkjedag i Herøy. Frå klipparkivet. | 14. mars 2002 | 14mars2002-dei_sette_merke_etter_seg.jpg | Speling i Vanylven. Frå klipparkivet. | 2001 | 2001-Merkesteinar_pa_fylkestinget.jpg | Spelte for Fylkestinget. Frå klipparkivet. | 23. sept 2000 | 23september2000-alle_tiders_lydmaraton.jpg | Lydmaraton m Frode Alnes og Rikskonsertane (Smp) Frå Klipparkivet. | 9. mai 1998 | 9mai1998-Merkesteinane_viser_veg.jpg | Merkesteinane viser veg (Møre). Frå klipparkivet. | 18. nov 1997 | 18november1997-Merkesteinane_kasta_glans_over_kunstopninga_i_Oslo.jpg | Åpning av kunstutstilling i Oslo. Frå klipparkivet. | Juni 1996 | 1996-Livsopplevingar_pa_Monsiaden.jpg | Monsiaden 1996. Frå klipparkivet. | Desember 1994 | 1994-1995-julekaffi_for_dei_kommunetilesette.jpg | Julekaffi i Volda kommune. Frå klipparkivet. |
|
|
 |
 |
|